Maloy-vidaregaande-skule--SSF-01191

Arbeidsmiljøkartlegginga klar for Måløy vgs.

Varslingsutvalet i fylkeskommunen er no ferdig med handsaminga av varslingssaka ved Måløy vgs. Ho viser at det burde ha vore gjort meir systematiske tiltak for å løyse konflikten blant delar av personalet og leiinga ved skulen. Det blir no sett inn tiltak, og skulen vil få hjelp i dette arbeidet.

Arbeidsmiljøkartlegginga vart sett i verk på bakgrunn av at administrasjonen i Vestland fylkeskommune fekk både bekymringsmelding og eit varsel om arbeidsmiljøet ved Måløy vgs. Varselet vart òg sendt over til varslingsutvalet.

Fylkeskommunen engasjerte to erfarne organisasjonspsykologar med spisskompetanse på arbeidsmiljø til å gjennomføre ei svært grundig arbeidsmiljøkartlegging. Dei har intervjua dei involverte, både dei tilsette og leiinga. Organisasjonspsykologane har levert ein rapport etter avslutta arbeid.

Rapport som grunnlag

Varslingsutvalet har vurdert saka med utgangspunkt i rapporten frå organisasjonspsykologane. Dei konkluderer med at det har vore kritikkverdige forhold, og at det ikkje i tilstrekkeleg grad er gjort systematiske forsøk på å løyse konflikten gjennom dialog og konfliktløysande tiltak. Varslingsutvalet meiner at det burde ha vore gjort meir for å ta tak i problem knytt til arbeidsmiljøet ved skulen. Rapporten peiker også på at det ikkje i tilstrekkeleg grad har vore sikra eit godt ytringsklima for alle ved skulen.

Ekstern bistand

Administrasjonen i fylkeskommunen tek rapporten straks til følgje. Skulen vil få hjelp til prosessleiing og til å etablere gode rutinar for betre samhandling. Områdeleiar Rolf Årdal har eit koordinerande ansvar for dei vidaregåande skulane i dei nordlegaste delane av Vestland, inkludert Måløy vgs. Han seier at han tek tilbakemeldingane som har kome fram i rapporten og i varslingsutvalet sin konklusjon, på største alvor.

– Utfordringane knytt til arbeidsmiljøet tek vi no tak i, og eg ser fram til eit godt samarbeid mellom skulen og teamet som skal støtte i arbeidet med å få eit betre arbeidsmiljø ved skulen, seier Rolf Årdal, områdeleiar.