Måløy vidaregåande skule
Arrangementskommmiteen 2018

Arrangementskommmiteen 2018 Foto: Framflyt

Alt klart for Framflyt 2018

Torsdag 18. januar kl. 10.00 startar næringslivskonferanse Framflyt 2018 i Nordfjordhallen.

Framflyt er ein næringslivskonferanse der formålet er å synleggjere moglegheitene innan det lokale arbeids- og næringslivet. Konferansen er spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 14-20 år. Vi vil inspirere og oppmuntre framtidas arbeidstakarar til å satse lokalt

Årets Framflyt konferanse nærmar seg med stormskritt. Torsdags morgon tar elevane ved Måløy vidaregåande skule med marknadsføring som valfag, i mot nærmare 600 ungdommar og vaksne. Skulane som i år skal besøke konferansen er 9. Og 10. Klasse frå Selje, Stadtlandet, Hauge og Vågsøy vidaregåandeskular. I tillegg får kjem også frå ei klasse frå Eid vidaregåande skule på besøk. Politikarar frå Bremanger, Selje og Vågsøy er også invitert.

I programmet under kan ein sjå kva for nokre bedrifter som skal delta på årets konferanse. I tillegg til foredraga blir det i år også vist Carpools på konferansen. Dette er noko heilt nytt, og som forhåpentlegvis blir godt mottatt av dei besøkande.

-Dagleg leder Andrea Lyng seier at konferansen er i rute, og at ho og resten av marknadsførings elevane gleder seg stort til å gjennomføre konferansen. Det er viktig for oss at elevane sit igjen med noko etter konferansen. ”Etter å ha vore gjennom ein spennande og lærerik prosess, er vi no klare for å presentere Framflyt 2018 som eit framtidsretta, nyskapande og inspirerande produkt. Vi er stolte av resultatet og vår prestasjon, og håpar å inspirere så mange som mogleg. Vi gler oss til å tilbringe denne dagen saman med kunnskapsrike foredragshaldarar, flinke elevar og andre inviterte. Tusen takk til alle vi har møtt på vegen for engasjement og samarbeid!”

I tillegg til foredraga blir det også moglegheit til å besøke ein del lokale bedrifter i standhallen under konferansen. Ein av standane ein kan besøke på konferansen er Nordvestvinduet AS. Dei er årets hovudsponsor, og er ei av dei bedriftene som gjer at det er mogleg å gjennomføre ein slik konferanse.

../Desktop/LL.JPG

 

Programmet for dagen ser slik ut:

10:00-10:15  Velkomen med info

10:15-10:35  Hilde Langtangen

                      Sødermann

10:35-10:55  Stian Hjelle

                      Arctic Linefish

10:55-11:05  Carpool v/Øyvind Reed

                      Videonor

11:05-11:25  Katrine Myklebust

                      Coast Seafood

11:30-12:40  Pause

                      Lunsj, stands og mingling I handballhallen

12:40-13:00 Preben Moen

                      Gloppen hotell

13:00-13:10  Carpool v/Nicolas Blålid

                      Sprek365 Måløy

13:10-13:30  Laetitia Rosing

                      MMG - Måløy Maritime Group

13:30-13.40  Carpool v/Sujeevan Mohanarajah

                      Paneda      

13:40-13:50  Premieutdeling

                      Loen Skylift

13:50-14:00  Takk for oss!

Konferansier for konferansen er Randi Paulsen Humborstad, tidlegare leiar i Nordfjord Vekst, no leiar i Vågsøy Vekst.

Du kan få med deg dei siste endringane for Framflyt 2018 ved å gå inn på heimesida  www.framflyt.no, på Facebooksida https://www.facebook.com/Framflyt/, på Instagram: Framflyt eller snapchat: Framflyt2018

Tips ein ven Skriv ut