Måløy vidaregåande skule
Johanna Magdeli Utvær Petterson

Johanna Magdeli Utvær Petterson Foto: Bente Vonheim

Årets kokkeelev 2018: Johanna Magdeli Utvær Petterson frå Barmen i Selje.

Johanna gjekk av med sigeren i skule-NM for kokkeelevar i Trondheim.

Johanna er elev ved VG2 Kokk og servitør ved Måløy Vidaregåande Skule. Ho kvalifiserte seg saman med medelev Sander Øen Omberg frå Stryn ved å vinne fylkesmeisterskapen tidlegare i år. På grunn av deltakarreglementet fekk diverre berre ein av elevane delta i meisterskapen. Kva kunne det ha blitt om begge hadde fått delteke…

Helsingane har strøymt på, mellom anna frå tidlegare elevar ved RMA, gjesteinstruktørar  og medlemmar av kokkelandslaget Jan-Erik Hauge og Kristoffer Westvik Lofnes.

Skulen sender sine gratulasjonar til eleven og lagleiar Bente Vonheim frå 2KSA.

Her er nokre bilete frå konkurransen (alle foto: Bente Vonheim)

 konkurransen (alle foto: Bente Vonheim)

 

 

Djup konsentrasjon under vaktsame dommarauger.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og kva vart så servert dommarane?

 

Forrett:

Aspargessuppe

Asparges royale, sprø asparges

I:mjølk, egg

*

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hovudrett:

Lammecarre

Sellerirotpure, sylta rødløk

Variasjon av romanesco, steikt sjampinjong med persille

kvitløksskum, lammeglacé

Krokketkuler

I: mjølk, egg, mjøl, sulfitt

*

 

Her avbilda med Sebastian Skouen Johnsen, kokebok-forfatter, tv-kokk og DB-skribent. Norges yngste kokkekjendis. Han fekk 3. Plass i konkurransen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kven er mest spent før premie-utdelinga, lagleiaren eller deltakaren?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Premieutdelinga

1. Johanna P. Utvær, Måløy vgs., Sogn og Fjordane

2. Tran Ngoc (NA), Nannestad vgs., Akershus

3. Sebastian Skouen Johnsen, Glemmen vgs., Østfold

 

 

 

 

 

 

Utladninga