Måløy vidaregåande skule
Vi gler oss til opninga av skulen

Vi gler oss til opninga av skulen Foto: Alf Reidar Myrstad

Vil prøve å få skulen tilbake til normal drift frå 2. juni.

Etter at Regjeringa har endra smittevernvegleiaren for skulane, vil Måløy Vidaregåande Skule opne opp for normal drift igjen frå 2.juni.

Det betyr at alle elevane skal møte på skulen tysdag 2.juni kl 08.30, med mindre det er gitt særskild melding om noko anna til klassene.

Ein del skjær er det framleis i sjøen, mellom anna er ikkje avstandskravet på 1 m på kollektivtransporten endra, slik at det kan bli vanskeleg å få alle elevane på skulen med skuleskyss. Kapasiteten på skuleskyssen er halvert, og det er framleis oppmoda om at dei som kan nytte andre transportmiddel gjer dette.

I følgje smittevernrådgjevaren som kom den 29.5, vert det innført Gult nivå i smitteverntiltaka for vidaregåande skular. Dette betyr Gult nivå:

1) Ingen sjuke skal møte på skolen

2) God hygiene og forsterka reinhald

3) Kontaktreduserende tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)

Hele klassar kan ha undervising saman

Elevar bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-

grupper

Tilsette kan veksle mellom klassar, men bør halde avstand til elevar så langt

det er mogeleg

Utanfor klasserommet oppfordrar ein elevar og tilsette til å halde ein meters

avstand i alle situasjonar

Unngå trengsel og store samlingar

Dette betyr at på skulen er avstandskravet på 1 m oppheva i klasseromma, men oppretthalde i fellesareal som gangar, kantine og uteområde.

Leiargruppa vil kome rundt i klassene og gi ei orientering om situasjonen i løpet av føremiddagen tysdag.

Når skal elevar og tilsette ikkje møte på skulen?

Elevar og tilsette med luftvegssymptomar :

Elevar og tilsette skal sjølv med milde luftvegssymptomar og sjukdomsfølelse ikkje

møte på skolen. De skal holde seg heime til dei har vore symptomfrie i 1 døgn.

Elevar eller tilsette som har bekrefta covid-19:

Skal være i isolasjon. Det er helsetenesta i som bestemmer kven som skal være i

isolasjon og kor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no ).

Retningslinjer til forskrifta som regulerer isolasjon er gitt av Helsedirektoratet.

Elevar eller tilsette som er nærkontakt/husstandsmedlem til ein person med

bekrefta covid-19:

Det er helsetenesta som bestemmer kven som skal være i karantene og kor lenge,

etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (se www.fhi.no). Retningslinjer til forskrifta

som regulerer karantene er gitt av Helsedirektoratet

 

Lenke til den siste smittevernvegleiaren:

Lenke til Helsenorge si Koronaside

Leiinga og dei tilsette ved Måløy Vidaregåande Skule ønskjer med dette alle elevane velkommen tilbake til skulen slik at vi saman får ei god og verdig avslutning på dette svært spesielle skuleåret.