kjemi

Eksamen avlyst – og anna info til elevar i desse koronatider

OPPDATERT 26. mars: Eksamen avlyst / info om støttetelefon for elevar og lærlingar. Info om elevar i utlandet, elevbetaling på intrenat, lærling og praksiskandidatar og fagprøvar i samband med korornasituasjonen.


Eksamen avlyst

Koronautbrotet gjer at regjeringen avlyser alle vårens skriftlege eksamenar for elevar i grunnskulen og vidaregåande.
Elevane vil få vitnemål sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen. Karakterane vil bli sette med bakgrunn i standpunktkarakterane.

Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien

Vestland fylkeskommune opprettar eit lågterskel tilbod, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Støttetelefonen 51 20 71 21 er bemanna måndag - torsdag 12.00-18.00. Les meir på vlfk.no

Elevar som tek vidaregåande opplæring i utlandet

Utdanningsdirektoratet skriv 13.03.20 på sine sider:
«Det er mange elever som tar videregående opplæring i utlandet gjennom utvekslingssamarbeid. Det er stor sannsynlighet for at disse elevene ikke kan fullføre skoleåret sitt i utlandet denne våren.

Regelverket vil bli midlertidig endret slik at fylkeskommunene kan godkjenne inneværende opplæringsår i utlandet for elever som ikke har fullført på grunn av koronasituasjonen. Det betyr at elevene vil kunne fortsette utdanningen sin i Norge som planlagt fra høsten 2020 og at de nå kan reise hjem i tråd med helsemyndighetenes råd.

Elevene må søke fylkeskommunene om denne godkjenningen, og bør ta kontakt med sin fylkeskommune i løpet av april.»

For elevar «Hordalandsklassane» vil Vestland fylkeskommune saman med koordinatorskulane organisere opplæring gjennom nettundervisning for elevane som kjem heim før skuleåret er fullført.

Endringane i regelverket vil også gjelde elevar som tek eit opplæringsår i utlandet i privat regi. Desse elevane må ta kontakt med den skulen dei var elev ved skuleåret 2018/19. Så langt råd er vil vi leggje til rette for at dei kan delta i nettundervisning og ha sjølvstendig studiearbeid ved våre skular.

Elevar på korttidsopphald i utlandet

Elevar ved dei vidaregåande skulane som er på korttidsopphald i utlandet, kjem no heim.

Elevbetaling ved stengte skular

Skular med internat har fått spørsmål frå elevar om betaling for internat og mat, når skulen og etter kvart også internata er stengt. Fylkesdirektøren har bestemt at vi ikkje skal krevje betaling for tenester som ikkje vert leverte. Det skal difor ikkje sendast rekning for perioden skulen er stengt. Eventuell forskotsbetaling for perioden frå 13. mars og framover skal refunderast til elevane. Det same vil gjelde for elevbetaling for mat m.m. i undervisninga.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Utdanningsdirektoratet skriv på sine sider 13.03.20:
«Lærlinger skal følge bedriftens rutiner. Ved midlertidig permittering som følge av korona må lærlingene få forlenget læretiden før de kan gå opp til fag- og svenneprøve.
Dersom fag- og svenneprøven, praksisbrevprøven og kompetanseprøven ikke kan gå som planlagt i tiden fremover, må lærebedriftene legge til rette for at prøven kan avlegges på et senere i tidspunkt. I slike tilfeller anbefaler vi at lærekontrakten/opplæringskontrakten utvides, og at det settes en ny sluttdato som fylkeskommunen godkjenner. Det samme vil gjelde kandidater for fagbrev på jobb

Fagprøvar

I helse- og oppvekstfag blir alle prøvar utsette. I andre fag kan prøvenemndene gjennomføre prøvane om forholda ligg til rette for det. I dei tilfella der bedrifter, institusjonar og andre prøvestadar er heilt eller delvis stengte, må prøvenemndene og kandidatane følgje retningslinene til prøvestaden.

Både prøvenemndsmedlemmane og kandidatane må vere heilt friske for at prøven skal gjennomførast, og dei må følgje nasjonale tilrådingar for smittevern. Alle må vere budde på at prøvar kan bli utsette på kort varsel.

Hald deg oppdatert på vlfk.no/korona

Hald deg oppdatert på vlfk.no/korona Der er det en egen flik "Info til elevar på vgs" som vi vil oppdatere med ny info frå skuleleiinga når vi har det.