Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto: Iren Hammersvik

Besøk hos Bakehuset As avd Tunold på Nordfjordeid, Minibakeriet på Nordfjordeid og Bakerie AS på Bryggja.

Bakeribransjen har eit stort behov for lærlingar, og det er mange ledige stillingar som lærlingar i vårt distrikt.

 

Et bilde som inneholder innendørs, vegg

Automatisk generert beskrivelse

Bakehuset AS avd Tunold på Nordfjordeid har ein lang historie som bedrift. Dei vart etablert på Bryggja i 1924, og flytta til Nordfjordeid i 1986. I 2002 gjekk dei inn i Bakehuset AS.

Med 35-40 tilsette produserer dei opp til 15 000 brød i døgnet, samt mange andre bakerivarer.

 

På turen vart det og tid til eit besøk hos Minibakeriet i Eidsgata, drive av Leon Knapskog. Der lagar dei bakst i forskjellige utgåver, samt har utsal av varer frå eige bakeri.

 

 

 

 

Et bilde som inneholder innendørs, mat, bord, person

Automatisk generert beskrivelseTurid Fagerlid tok over det gamle bakeriet til Tunold på Bryggja og driv der eit handverksbakeri; Bakerie AS, med 3 tilsette.

Bakerie AS leverer bakevarer til nærområdet, og driv i tillegg ein kafé der dei har eige utsal av bakevarer.

 

 

 

Elevane fekk være med på produksjonslinja frå råvare til ferdig produkt. Og sjølvsagt; gode smaksprøver.