Måløy vidaregåande skule
Espen Lothe

Espen Lothe Foto: Iren Hammersvik

Restaurant og matfag har vært på bedriftsbesøk hos Kinn Bryggeri i Florø og hos Havfruen i Måløy.

Sidan det no nærmar seg frista for søknad til VG2, har VG1 Restaurant og matfag nytta høvet til å gjere seg kjend med kva VG2 tilbod dei kan søkje frå hausten.

Et bilde som inneholder person, mat, bord, kopp

Automatisk generert beskrivelse

I Florø vart klassa tekne godt i mot av eigar og grundar Espen Lothe som gav ei innføring i bryggekunsten, kva råvarer som blir nytta og kven som kjøper ølet deira. Bryggerifaget er eit av dei faga elevane kan velgje å utdanne seg vidare til, gjennom VG 2 Industriell matproduksjon.

Kinn Bryggeri skal delta på ein konkurranse i regi av vinmonopolet, og våre elevar var så heldige at dei fekk være med å lage til test-ølet som seinare skal nyttast i denne konkuransen. Ølet må være av typen Pale Ale og over 6 % alkoholstyrke. Så blir spennende å følge med på den konkurransen.

 

 

 

Et bilde som inneholder person, innendørs, mann, stående

Automatisk generert beskrivelse

Elevane fekk og ei omvising på Vesle-Kinn, det opprinnelege bryggeriet til Kinn Bryggeri. Der blir det framleis produsert øl i små kvanta. Elevane fekk lukte på ulike ølsortar, og lære om kva som gjer dei ulike skilnadane i ølproduksjon.

 

 

 

 

 

 

 

Et bilde som inneholder innendørs, bord, mat, kake

Automatisk generert beskrivelse

 

 

På Havfruen i Måløy fekk elevane informasjon om kva produkt som var til sal, kva dei produserte, pris på dei ulike produkta, kven er kundane deira.

Havfruen har og restaurantdrift med sal av ulike matrettar. Elevar på restaurant og matfag kan velje denne typen utdanning gjennom å velje VG 2 Sjømatproduksjon.