Samarbeidsmøte Fjordenes Tidende og Studiespesialisering

Samarbeidsmøte Fjordenes Tidende og Studiespesialisering Foto: Kjellrun Breidalen Åsebø

Samarbeid mellom Fjordenes Tidende og studiespesialisering ved Måløy vgs

Fjordenes Tidende møtte elevar i 3sta for å ha første prat om det nye samarbeidet mellom lokalavisa og Studiespesialiserande. Elevar på Studiespesialiserande skal framover vere skribentar i spalta «Stemplar ut». Dei første fire elevane ut, går i 3sta.

«Vi gler oss veldig til dette samarbeidet. Det blir kjekt å få inn ungdomsstemmer på baksida av avisa, og det er spennande å høyre på kva idear dei har til kva dei ønskjer å skrive om,» seier redaksjonssjef i Fjordenes Tidende, Svanhild Breidalen.

No skal ungdommane i gang med å skrive og resultatet får vi sjå om ikkje så altfor lenge. Sofie Klever Årdal, Celine Mork og Amila Adzemovic er tre av dei fire elevane som skal prøve seg som skribentar. Vi gler oss også!

Lokalavisa har allereie eit samarbeid med elevane på kokk- og servitør om spalta «Matskulen».