Måløy vidaregåande skule
Det var mykje folk samla til feiring

Det var mykje folk samla til feiring Foto: Bjarne Husevåg

10 års jubileum for YSK/TAF utdanninga ved Måløy Vidaregåande Skule

Laurdag samla om lag 80 noverande og tidlegare elevar, lærebedrifter, opplæringskontor, samarbeidspartnarar, mentorar og tilsette seg til feiring på Maritim Park på Raudeberg.

Konferansier for dagen, Sindre Kvalheim frå LocalHost og Måløy Academy, drog feiringa i gang i velkjent stil.

Ved hjelp av tidlegare rektor Karl Ottar Rundereim og koordinatorane Svanhild Kvalheim Barmen og Kåre Nordpoll, ga dei oss eit tilbakeblikk på arbeidet med oppstart av TAF-linja som det heitte den gong. Det vart spesielt trekt fram den rolla som avdelingsleiar for TAF på Knarvik vidaregåande skule, Bjørn Brekkan, og næringslivet i regionen hadde for at ein skulle komme i gang med tilbodet.

 

Gjennom programmet vidare ut over kvelden fekk vi møte både elevar og representantar frå lærebedriftene som har vore ein del av denne utdanninga, og som fortalde om dei erfaringane dei har gjort seg med denne typen opplæring. Og det er klart at når ein høyrer frå dei tidlegare elevane om dei fortrinn dei har når dei går vidare i høgskulesystemet med både den praktiske opplæringa og fagbrevet, samt den spesielle studiekompetansen, så syner dette at YSK/TAF tilbodet heilt klart bidreg til at det lokale og regionale næringslivet får dei tilsette som dei ønskjer seg.

Andre Høydal, TAF TIP, jobbar no som skipsingeniør hos Skipskompetanse.

 

 

Dette vart spesielt framheva frå Per Jørgen Silden i Skipskompetanse, og som og representerte Hub for Ocean, og tidlegare ordførar i Vågsøy, no kommunalsjef i Kinn kommune, Kristin Maurstad. At det er ein rimeleg høg prosentandel av YSK/TAF elevane som og kjem heim att etter fullført høgare utdanning, vart det og lagt stor vekt på frå representantane frå næringslivet. «Vi veit kva vi får fordi vi sjølv har vore med å utdanna dei»

Erica P. Teige, TAF Helse, studerer no medisin ved Universitetet i Bergen

 

 

 

 

 

 

 

 

Som ei fagleg avslutning på kvelden fekk avdelingsleiar Bjørn Brekkan ved Knarvik vidaregåande skule ordet. Han har arbeidd med denne opplæringsforma sidan 1990 talet, har vore med på dei tunge kampane med eit gjenstridig utdanningsdirektorat, har vore med med på å få på plass avtalene med næringslivet i Hordaland, har vore med å bygge opp utdanninga på Knarvik vidaregåande skule, og ikkje minst var ein utruleg støttespelar for Måløy Vidaregåande Skule under arbeidet med oppstart av YSK/TAF utdanninga her. 

 

Bjørn Brekkan, avdelingsleiar TAF ved Knarvik vidaregåande skule

Elles var det sett av tid til både kulturelle innslag med song av Mathilde Haug og dans av Nirmia Nixon, og mingling med fingermat og kaffi og kaker. Dette vart sett stor pris på av alle frammøtte, praten gjekk høglytt med utveksling av «gamle» minner og oppdatering på kva ein no dreiv på med. Spørsmålet om ein måtte vente i 10 år på neste samling vart og reist. Det tyder på at arrangementskommiteen har gjort eit framifrå arbeid, og all ære til dei for det.

Her er nokre fleire bilder frå arrangementet:

 

 

Konferansier Sindre Kvalheim

 

 

 

 

 

 

Nydelig song ved Mathilde Haug

 

 

 

 

 

 

 

 

og dans ved Nirmia Nixon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei lydhøyr forsamling

 

 

 

 

 

 

Praten gjekk mellom gamle kjende som ikkje hadde sett kvarandre på ei stund.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristoffer Karstensen, tidlegare TAF Akva elev og no klar som leiar for familiebedrifta Karstensen fiskeoppdrett var og ein av dei som fortalde om si utdanning

 

 

 

 

Kristina Finden Trondsen frå Lærdal fortalde litt om utfordringane med reisetida som lærling på TAF Akva og erfaringane frå høgare utdanning ved Norges Arktiske Universitet i Tromsø som master innan Havbruk

 

 

 

 

 

 

Næringslivsrepresentantar, tidlegare elevar,  instruktørar og lærarar hadde mykje å prate om.

 

 

 

 

 

 

Avslutningsvis vart arrangementskomiteen takka for vel utførd arbeid