Måløy vidaregåande skule
Fullsett Auditorium

Fullsett Auditorium Foto: Bjarne Husevåg

Open kveld ved Måløy Vidaregåande skule

Måløy vidaregåande skule hadde open kveld for å informere om studietilbodet for skuleåret 2020/2021. Trass synnakuling og regn av det vassrette slaget, vart auditoriet på maritim avdeling fylt til bristepunktet.

Etter ei felles orientering av rektor Åsta Navelsaker Røed, var det mogeleg for dei besøkande å gå rundt og gjere seg kjend med dei forskjellige studieprogramma som skulen kan tilby frå hausten av.

Det tilbodet som såg ut for å ha størst interesse, var det nyoppretta tilbodet Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen hadde alliert seg med YSK eleven Sebastian Fløysand Kvalheim, som gjennom si lærekontrakt med LocalHost og er knytt til Måløy Academy. Han orienterte dei frammøtte om det nye tilbodet basert på hans opplæring, og det kom mange gode spørsmål til både Sebastian og rektor Åsta Navelsaker Røed som og var tilstades ved presentasjonen. Her er nokre bilder frå kvelden.

 

Vg 1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

 

 

 

 

 

 

 

Vg 1 Naturbruk

 

 

 

 

 

 

 

Vg 1 Studiespesialisering