Måløy vidaregåande skule
Framflyt 1024 m ramme

Nedtelling til Framflyt 2020 er starta

No tel vi ned dagane til konferansen seier Berge Andal. -Det blir både kjekt og spennande, men det blir nok ein innspurt med tanke på arbeidet som gjenstår. Konferansierarane er på plass, og programmet er ferdigstilt.

Den 28. januar blir Framflyt gjennomført for 8. gong, med interessante føredrag og presentasjonar på scena og standar, konkurransar og mingling. Alt for å skape «ei betre framtid på heimebane» for ungdom frå nærområdet.

-Vi har jobba med mange ting samtidig, som sponsorar, få tak i konferansierarar og føredragshaldarar, få påmelding til standar, gjere ulike avtaler, skrive pressemeldingar og oppdatere og avsløre nye ting ved konferansen gjennom Framflyt på Instagram, nettside og Facebook.

-Blant anna har vi fått inn Renate Rimstad Bøe og Roger Bergset frå MMR, i tillegg til Beate Grønnevik frå INC gruppa som føredragshaldarar. Vi har også fått t-skjortene våre, og reklamemateriell, smiler Henriette Kvalheim, som arbeider i konferanseavdelinga til Framflyt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Samstundes med at programmet vart offentleggjort, blei det gjort kjent at det er to tidlegare elevar, Julianne Flølo og Torstein Taklo som vert årets konferansierer. Dei har begge vore med og arrangert konferansen tidlegare.

Programmet for konferansen ser slik ut:

1000 – 1010   Velkommen v/Framflyt UB

          Introduksjon av konferansierene

1010 - 1030    Måløy Marine Ressurssenter

                       Renate Rimstad Bøe og Roger Bergset

1035 - 1055    INC gruppen

                       Beate Solheim Grønnevik

1055 - 1115    Konferansierene og deres utdanningsvei

1115 - 1215    PAUSE  Lunsj, mingle og stands

1215 - 1220    Loddtrekning

1220 - 1240    MOWI AS

                       Karoline Holen

1240 - 1255    Sofaprat

          Sofie Klever Årdal og Kjersti Tennebø om utveksling i USA

1255 - 1315    Gründer og eks snowboardproff Mads Jonsson

1315 - 1330    Info om ny IKT-linje ved Måløy vidaregåande skule

1330 - 1340    Trekking av hovedpremie: 2 tur/retur båtbilletter Måløy-Bergen fra Norled 

Vel Heim!