Måløy vidaregåande skule
Maritim avdeling, Måløy Vidaregåande Skule

Maritim avdeling, Måløy Vidaregåande Skule Foto: Frequency

Invitasjon til open kveld ved Måløy Vidaregåande Skule 20. januar

I samband med at ein skal til med innsøking til vidaregåande opplæring frå hausten 2020, inviterer Måløy Vidaregåande Skule til ei orientering om utdanningstilbodet ved skulen.

Det er spesielt 10.klassingane i regionen som vert invitert saman med deira føresette. Ettersom det i fjor vart ingått avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune, så vil 10.klassingane på søre Sunnmøre og kunne søkje seg til vidaregåande opplæring i Nordfjordskulane, og ein ønskjer desse elevane spesielt velkomne til å gjere seg kjende med dei mogelegheitene som ligg i denne avtala.

Orienteringsmøtet vert halde i Auditoriet ved Maritm avdelng. Sjølve møtet startar kl 18.00, men det vil være mogeleg å få ei omvising på simulatorane knytt til opplæringa innan dei marine og maritime faga frå kl 17.30 og fram til møtestart.  

Etter at orienteringsmøtet er over, vil det være mogeleg å få møte tilsette knytt til dei forskjellige studieprogramma ved skulen for meir informasjon om studieprogrammet. 

Invitasjon til Open kveld