Måløy vidaregåande skule
Maritim avdeling på Tennebø

Maritim avdeling på Tennebø

Frukostmøte

Avdeling for Opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune inviterer til frukostmøte på Måløy Vidaregåande Skule, Maritim avdeling.

Møte vert arrangert tysdag 28.januar med start kl 08.00. Temaet for møtet er  

Korleis kan vi utdanne fleire fagarbeidarar ?

Målet er å gi relevant og nyttig informasjon til gamle og nye lærebedrifter. Vi serverer frukost frå klokka 07:45.

Møteslutt klokka 09:15.

Program:

Vestland fylkeskommune, Avdeling for opplæring og kompetanse

  • Vegar til fagbrev

  • Å vere og bli lærebedrift

  • Frå elev til lærling

Lokalt næringsliv

  • Samfunnsansvaret

  • Lokalt behov for fagarbeidarar i framtida

Vidaregåande skule

  • Døme på godt samarbeid med bedrifter

 

Påmelding

Det er elektronisk påmelding:

https://sfj.pameldingssystem.no/rekruttering-av-framtidas-fagarbeidarar

Påmeldingsfrist er 20.01.2020.

Påmeldinga er bindande, gje melding om du likevel ikkje har høve til å møte.

Kontaktperson i fylkeskommunen: Essi Mäki, essi.annika.maki@vlfk.no

 

Frå kl 10.00 – 14.00 same dagen vil ungdomskonferansen FRAMFLYT i regi av elevane i 3 STA, gå av stabelen i Nordfjordhallen.

Temaet for denne konferansen er: Full fart mot framtida.

 

Invitasjon til frukostmøte