Måløy vidaregåande skule
Markeinga i Nordfjordhallen

Markeinga i Nordfjordhallen Foto: Bjarne Husevåg

Markering av Vestland fylkeskommune.

Torsdag føre lunsj var det felles markering av den nye Vestland fylkeskommune på alle lokasjonar der fylket er representerte.

Ved Måløy Vidaregåande Skule samla elevar og tilsette ved skulen seg, saman med tilsette ved tannklinikken i Måløy, til ei markering i Nordfjordhallen. Rektor Åsta Navelsaker Røed ønskte velkommen, og varaordførar i Kinn kommune, Sidsel Kongsvik, opna den lokale markeringa.

Fylkesmarkeringa vart streama på storskjerm frå fylkeshuset på Sandsli i Bergen, der fylkesordførar Jon Askeland og fylkesrådmann Rune Haugsdal var vertskap.

I løpet av markeringa deltok eit lag samansett av elevar frå Måløy Vidaregåande Skule i ein Quiz med dei andre vidaregåande skulane i Vestland kommune. Beklagelegvis slutta poengsystemet å telje poeng midtvegs, så kven som var vinnar av Quizen er vel uklart.

Før ein avslutta med kakefest, vart dei lokale vinnarane av skulequizen kåra, og vinnarlaga fekk ein gåve på kr 500,- som skal nyttast til eit sosialt tiltak i klassene.

Her er nokre fleire bilder frå markeringa (alle bilder: Bjarne Husevåg):

 

 

Rektor Åsta Navelsaker Røed

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Varaordførar Sidsel Kongsvik

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Quizlaget

 

 

 

 

 

 

Leiinga ved skulen hadde store forventingar til serveringa…

 

 

 

 

 

 

For at ting skulle fungere, var det dei skjulte hjelparane frå IKT avdelinga som sjefa bak sceneteppet. Det kan dog sjå ut for at dei har fått hjelp frå høgare makter…..

 

 

 

 

 

 

 

Dei lokale Quizvinnarane.

 

 

 

 

 

 

 

Etter at det vart snakk om kaker, så vart PLUTSELIG dei tilsette ved tannklinikken i Måløy svært einsame…

 

 

 

 

 

 

 

Og så var kakefesten i gang…