Måløy vidaregåande skule
Ny logo MVS 2020

Markering av ny fylkeskommune

Torsdag 9.januar vil dei fylkeskommunale institusjonane gjennom eit felles opplegg, markere at ein no har fått ny eigar gjennom Vestland fylkeskommune.

På Måløy Vidaregåande Skule vil elevane og dei tilsette møtast i Samfunnshallen i høve markeringa. Varaordførar i Kinn kommune, Sidsel Kongsvik, vil opne markeringa lokalt, medan den offisielle markeringa vert streama frå Bergen, der fylkesordførar Jon Askeland og fylkesrådmann Rune Haugsdal vil leie markeringa.

Etter samlinga i Samfunnshallen vert elevane og dei tilsette invitert til kake og kaffi i Kantina.