Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Nytt utdanningsprogram ved Måløy Vidaregåande skule frå hausten 2020.

Frå og med skuleåret 2020/2021 vert det starta opp eit nytt utdanningsprogram ved Måløy Vidaregåande Skule, VG1  Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Opplæringa vil bli gjennomført i tett samarbeid med næringslivet.

Måløy vidaregåande skule får tilført eit heilt nytt utdanningsløp og utvidar bredda i fagtilbodet innan yrkesfaga, noko vi er svært glade for, seier rektor Åsta Navelsaker Røed.

Gjennom utdanninga innafor Informasjonsteknologi og medieproduksjon får elevane lære om korleis dei kan bruke teknologi og media gjennom idéutvikling og kreativ problemløysing. Dette passar for deg som har interesse for data, visuelle uttrykksformer og likar å jobbe både kreativt og systematisk.

Du lærer om

  • idéutvikling og kreativ problemløysing

  • brukarstøtte, nettverk, IT-tryggleik og programmering

  • innhaldsformidling og historieforteljing

  • foto, film og grafisk design

  • kommunikasjon og marknadsføring

Du bør være

  • kreativ

  • Interessert i IT, nettverk og programvare

  • interessert i visuelle uttrykksformer

  • nøyaktig

Du kan bli

  • IT-utviklar eller IT driftsteknikar

  • mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent

Frå 2021 blir det innført VG2 Informasjonsteknologi og medieproduksjon.