Måløy vidaregåande skule
Skodespelarane

Skodespelarane Foto: Ingri Føleide Hagen

Teaterframsyning på biblioteket

I samarbeid med Vågsøy folkebibliotek hadde VG 2 Barne- og ungdomsarbeidarfagsklassa invitert 30 barn frå barnehagar i Vågsøy til biblioteket før jul.

Der tende dei lys og song julesongar med borna, som song med av full hals.

Så var det framsyning av Pulverheksa og Julenissen. Det gjekk veldig fint, og borna levde seg heilt inn i fortellinga.

Det vart ei magisk stund på biblioteket.

Bilder: Ingri Føleide Hagen