Måløy vidaregåande skule
MVS front 1

Opplæringstilbodet i dei vidaregåande skulane i Kinn kommune frå hausten 2020.

Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland Fylkeskommune skal ha politisk handsaming av skuletilbodet frå hausten 2020 i møte den 2.desember.

Påtroppande fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, har lagt fram følgjande forslag om endring i  opplæringstilbodet ved Flora og Måløy Vidaregåande Skular:

Ved Flora Vidaregåande Skule vert det tilrådd å endre tilbodet slik:

VG1 Sal og Service vert erstatta av 1 klasse Sal, service og reiseliv

VG2 Elenergi vert ikkje tilbydd.

Det vert tilrådd å endre tilbodet ved Måløy vidaregåande Skule slik:

VG 1 Naturbruk aukast med 0,5 klasse

VG 2 Fiske og Fangst aukast med 0,5 klasse

VG 2 Akvakultur aukast med 0,5 klasse.

I tillegg vert det tilrådd å starte opp 1 klasse VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Måløy Vidaregåande Skule.

Endringane har dels bakgrunn i elevtalet, dels at det vert innført nye læreplaner for vidaregåande opplæring frå 1.aug 2020.

Rektor Åsta Navelsaker Røed ved Måløy Vidaregåande Skule seier i ein kommentar at ho er svært godt nøgd med innstillinga, og at ho er glad for den satsinga som Vestland Fylkeskommune viser ved å tilpasse tilbodet i Måløy til den store søknaden som har vore dei siste åra på maritime og marine fag. At arbeidet som har vore gjort for å få til eit tilbod innan IKT spesielt knytt mot Lokal Host og deira satsing på Lefdal Mine Datacenter, samt andre aktørar innan IKT og medieproduksjon i regionen, viser seg no å bære frukter.

Tips ein ven Skriv ut