Måløy vidaregåande skule
Hilde Barmen og Birthe Sandal Rikstad

Hilde Barmen og Birthe Sandal Rikstad Foto: Ida Gangeskar

Helse- og omsorgsklassene haustar av samarbeidet med dei lokale samarbeidspartane.

I løpet av dei siste vekene har elevane vore med på både markering av Ergoterapiens dag, og fått opplæring i kva som vert forventa av dei som yrkesutøvarar i møte med brukarar.

Vågsøy kommune sine ergoterapeutar, Birte Sandal Rikstad og Hilde Barmen, inviterte 1 HSA, 2 BUA og 2 YSK Helse samt lærarane  til foredrag om ergoterapiarbeidet i kommuna. Det heile vart avslutta med ein hyggeleg lunsj.

Vidare har 1 HSA vore gjennom førelesingar og jobba med oppgåver om profesjonell yrkesutøving. Rollespel har vore ein del av opplegget. Her har det vore fokus på det at brukarane skal føle seg trygge og verte tekne vare på. Mellom tema som har vore gjennomgått og drøfta er uniformering, personleg hygiene og utsjånad, bruk av sminke, smykker og parfyme, bruk av ergonomiske hjelpemiddel og utstyr for å redusere jobbrelaterte skader og ikkje minst val av sko.

Samstundes har denne undervisinga vore ei mogelegheit for allereie no å begynne å trene på eksamensforma elevane vil møte på VG2.  

Alle foto: Ida Gangeskar

Tips ein ven Skriv ut