Måløy vidaregåande skule
Foto frå marin karrieredag i Nordfjordhallen i september 2019. Ein gjeng elevar står samla rundt standen til opplæringskontoret for fiskeri og havbruk.

Foto: Bjørn Kvalheim/Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk

Marin karrieredag i Nordfjord

220 elevar, studentar og lærarar møtte 27 bedrifter og organisasjonar i Nordfjordhallen 12. september. Tema var havbruk og fiskeri, målet var rekruttering og opplysing.

Den marine karrieredagen var eit samarbeid mellom Måløy vidaregåande skule, Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen i Sogn og Fjordane og Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag.

– Vi opplevde ungdomane som interesserte og lydhøyre for det dei møtte. Bedriftene var aktive og frampå i formidlinga av eiga bedrift og moglege karrierevegar. No skal vi evaluere, men ambisjonen er klar. Vi håpar å gjennomføre dette som ei årleg happening. Det er viktig med møteplassar mellom næring og elevar og studentar. Så skal vi som utdanningsinstitusjon hjelpe elevane inn i arbeidslivet med rett fagleg ballast, seier Mona Bakke Svarstad ved Måløy vidaregåande skule.

Føredrag og mingling

Det er første gong det blir arrangert ein slik marin karrieredag i Måløy. Arrangementet var ein miks av føredrag, mingling og speeddatar mellom elevar/studentar og representantar for næringa. Hovudtyngda av elevane og studentane kom frå marine og maritime utdanningar ved dei vidaregåande skulane i Måløy og Florø og frå Fagskulen i Sogn og Fjordane, avd. Måløy. I tillegg deltok ein del elevar frå studiespesialiserande linjer.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, var innom og helsa ungdomane med ein tale, og elevane ved restaurant- og matfag serverte ein framifrå fiskeburgar med coleslaw og sylta raudløk til lunsj.

Vil sikre seg dei beste

Mange av bedriftene som deltok signaliserte behov for lærlingar og kadettar, t.d. Fjord1 og Ervik Havfiske. Og det var interesserte og lærevillige ungdomar som følgde godt med då bedriftene fortalde og som hadde førebudd seg godt til avtalane sine med bedriftene.

– Vi ønskjer å vere på tilstellingar som dette for å rekruttere framtidig arbeidskraft. Vi er stadig på utkikk etter nye medarbeidarar. Eit fotballag hentar spelarar når dei er unge frå ulike område, for å sikre seg dei beste. Vi vil prøve å sikre oss dei beste talenta. Då må vi gjere oss attraktive og vere ute for å møte ungdomen. Vi ser etter dei med forståing for ny teknologi, og som har vilje og drive. Samtidig er det viktig å vere på same arena som akademia, for å bygge nettverk og gode relasjonar, fortel Anders Fjellvang, som er Operations Manager i Stingray Marine Solutions.

Elevane knytte kontaktar

Lærar Tor Helge Hansen ved Måløy vidaregåande opplevde karrieredagen som ein augeopnar for både seg sjølv og for klassen sin, vg2 maritime fag motormann.

– Det verkar som ei slik setting skapar interesse, nysgjerrigheit og motivasjon hjå elevane. Elevane mine knytte kontakt med reiarlag dei finn interessante som lærebedrifter. Det har eg ikkje vore med på så tidleg i skuleåret før. Heilt konkret resulterte dagen i at vi no planlegg besøk til både skip og reiarlag, fortel han.

 

 

Tips ein ven Skriv ut