Marin karrieredag 1024

Marin Karrieredag

Torsdag 12. september møtes 220 elevar, studentar og lærarar til Marin Karrieredag i Nordfjordhallen.  

I veksande næringar som oppdrett og fiskeri, vil det å ha tilgang til kvalifisert arbeidskraft bli stadig viktigare. Skal ein lukkast med framtidig rekruttering, er det viktig å kople elevar og studentar opp mot næringane tidleg i utdanningsløpet. Ungdomen må møte næringane for å lære, bygge relasjonar og få kjennskap til alt det lokale bedrifter har å by på innan bransjane havbruk og fiske. Dette aukar sjansane for at dei vel utdanningar som kan kvalifisere dei til framtidig yrke innan marine fag i regionen.

Måløy Vidaregåande Skule, Fagskulen i Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag og Høgskulen på Vestlandet står som arrangør. Over 30 bedrifter stiller. Her blir det både føredrag, speeddateing og nettverksbygging.

Frå Måløy Vidaregåande Skule deltek:

Vg1 Naturbruk

Vg2 Akvakultur

Vg2 Fiske og fangst

Vg2 Maritime fag

Vg1 TPA

Vg1 TPB

YSK Akva (1 og 2)

YSK TIP (1 og 2)

VG3 Studiespes 

Frå Flora Vidaregåande Skule deltek:

Samansett klasse frå Vg2 Industriteknologi og VG2 Studiespes (Entreprenørskap)

Frå Fagskulen i Sogn og Fjordane, avd Måløy deltek:

Maskinoffiser  3A

Dekksoffiser 3B 

Maskinoffiser  4A

Dekksoffiser 4B

 

Programmet for dagen ser slik ut:

Kl. 10.30 – 11.30:      Velkommen

                                     Foredrag frå fire ulike bedrifter innan oppdrettssektoren

Kl. 11.30 – 12.15:      Lunsj og mingling i handballhallen.

                                     Besøk på stands som ikkje inngår i rulleringsplana for klassa.

Kl. 12.15 – 13.45:      Speeddating etter oppsett rulleringsplan.

Kl. 13.45 – 14.25:      Helsing frå ordføraren i Vågsøy Kommune

                                     Foredrag frå fire ulike bedrifter innan fiskerisektoren

Kl. 14.25 – 14.30:      Felles avslutning 

 

Arrangementskommiteen ønskjer alle påmelde velkomne til ein fagleg givande dag, og håper med dette arrangementet at elevane og studentane skal få knyte kontakter med aktuelle bedrifter innan den marine sektoren.

Tips ein ven Skriv ut