Måløy vidaregåande skule
Andrea på scena i Stjernekampen

Andrea på scena i Stjernekampen FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Andrea Santiago i 3STA vidare i Stjernekamp

Elevane ved Måløy Vidaregåande Skule møttes på skulen for å heie Andrea vidare.

Primus motor Kjellrun og Per Magne hadde gjort rom A 215 i stand til fjernsynsfest då heimesida var innom, og elevar var begynt å møte fram. Etter kvart som sendetida nærma seg, seig det jamt på med fleire som ønskte å ta del i heiagjengen.

Det vart ein kjekk kveld. Elevane var veldig fornøgde då Andrea gikk vidare fordi ho var jo best. Det var konkurransar, digg og prat. Elevane i 3 STA kunne tenke seg å ha klasserommet pynta slik resten av året.

Dommarpanelet i Stjernekamp sine kommentarar var udelt positive om Andrea si framføring:

– Med en gang blir jeg litt redd for at det blir litt for forsiktig i starten, men så kommer attituden, blikket, stemmen og til slutt er det full EDM-fest, sa dommer Fellberg.

– Hva er det du sier? Hun er dødsrå, skyter dommer Riise inn.

Vi gratulerer Andrea med vidare deltaking i Stjernekamp.

Her er nokre bilder frå Stjernekampfesten (Foto: Bjarne Husevåg og Kjellrun Breidalen):

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut