Måløy vidaregåande skule
Valurne

Valurne Foto: Trøndelag Museum

Skuleval 4. september 2019

Her er ei oversikt over korleis ein kan stemme i skulevalet. Valet vert i 2.etg på Modulskulen.

Vi har sett opp litt mange klassar i starten. Det er fordi dei som skal på D-fløyen og dei som har kroppsøving skal få stemme før dei går ned og startar 1. time. Det kan bli litt kø, men eg har gode hjelparar som skal prøve og få alle effektiv gjennom.

Vi kjem til å ha 5 stader/avlukker med stemmesetlar.

Vi ber om at de sjekkar lista med tidspunkt og melder frå dersom noko ikkje passar.

Det er lagt til rette for nokre elevar som skal førehandsstemme no på fredag.

 

SKULEVAL

 

Slik stemmer du ved skulevalet:

  1. Still deg i kø i vallokalet (2.etg Modulbygget)

  2. Når det er ledig i eit av avlukka der stemmesetlane ligg, går du inn i avlukket og vel deg stemmesetelen til det partiet du vil stemme på

  3. Brett saman stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut. Då kan ingen sjå kva du stemmer.

  4. Gå ut til ein valfunksjonær og få stempel på utsida av stemmesetelen. Skal setelen bli godkjent må den ha stempel.

  5. Still deg i kø for å bli kryssa av på klasselistaat du har stemt.

  6. Legg sjølv den stempla stemmesetelen i urna.

    NB! Hugs at du kun kan stemme på eit parti og kun bruke ein stemmesetel.

    Minner og om at skulevalet ikkje har noko med valet 9.sept. å gjera og at dei med stemmerett må stemme på nytt då i vallokalet der dei bur.

     

    Godt val!

 

 

Oversikt over når dei ulike klassane skal stemme 4.09:

Tid

Klasse

08.30

2KSA

2RMA

2MAA

2MAB

1BAA

1HSA

08.35

2YSKC

2AKVA

2FFA

1NAA

1YSKC

08.50

2YSKB

2BYA

2KTA

1YSKA

09.00

2BUA

1TPA

1TPB

1YSKB

09.15

3STA

2STA

09.20

1STA

09.25

3YSK

 

Ca. 09.45: Teljing av stemmer

 

Dei som ikkje er på skulen 1.t onsdag kan førehandsstemme fredag 30.09 kl. 11.40

4YSK førehandsstemmer tysdag 3.04

Tips ein ven Skriv ut