Måløy vidaregåande skule
Valpanet

Valpanet Foto: Alf Reidar Myrstad

Valdebatt på Måløy Vidaregåande Skule

Fredag stilte dei politiske partia til valdebatt ved Måløy Vidaregåande Skule.

Debatten vart leia av Ragnhild Elin Fimreite og Bente Olseth ved skulen, og hadde innslag av tema som skule, læreplassar, abortlov og miljø. Det var til tider høg temperatur og stort engasjement under debatten.

Etter paneldebatten stilte dei politiske partia på valtorg der elevane kunne stille spørsmål til politikarane.

Elevane ved skulen skal gjennomføre skuleval den 4.september, og det vil då vise seg om dei mest engasjerte debattantane har vunne gehør for sine fanesaker.

   

 

 

 

 

 

 

   

 

 

 

 

 

 

   

 

 

 

 

 

 

   

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut