Måløy vidaregåande skule
Valurne

Valurne Foto: Trøndelag Museum

Kommune- og fylkestingvalet 2019

Fredag 23.august vert det valdebatt og valtorg i Samfunnshallen for elevane på Måløy Vidaregåande Skule kl 09.30.

Sjølve debatten varer omlag 1 time, og deretter vert det valtorg i gangen ved kantina. Vi reknar med at valtorget varer omlag 30 minutt, men frå før veit vi at det brukar å vera trongt og litt kaotisk der, så kanskje tek det litt meir tid.

Etter debatten vert det opna for spørsmål frå salen og ein oppmodar elevane til å stille spørsmål til panelet. Dersom ein ikkje ynskjer å stille spørsmål i salen, kan ein spørje politikarane på valtorget  etterpå.

Desse partia har meldt at dei stiller til debatt og valtorg:

Arbeidarpartiet

Venstre

MDG

SV

Frp

Høgre

Krf

Raudt

Tips ein ven Skriv ut