Mat frå Mexico

Mat frå Mexico Foto: Ida Gangeskar

Elevane ved VG1 Helse og oppvekstfag og VG2 Barne og ungdomsarbeidarfag arrangerte fleirkulturell dag.

På den fleirkulturelle dagen presenterte dei ulike gruppene eit eige land.

Måndag 13. mai arrangerte elevane fleirkulturell dag. Elevane vart delt i grupper på tvers av fag og klasser. Landa som vart presentert var Afghanistan, Kongo, Syria, Mexico og Thailand. Elevane fortalde om landa, dei spelte tradisjonell musikk og serverte heimelaga tradisjonell mat i tillegg til at alle gruppene lærte medelevane sine ein typisk leik frå landet dei hadde fått tildelt. Fleire av gruppene hadde pynta med flagg, typiske musikk instrument for landet, og nokon hadde til og med kledd seg ut slik at ein verkeleg skulle få føle på at ein hadde hatt ein liten snartur innom landet. Smaksopplevinga frå dei ulike landa forsterka dette.

Dette var ein kjempekjekk og lærerik dag, elevane vart og godt kjende på tvers av klasser av å arbeide med prosjektet. Formålet med prosjektet var å bli kjent med andre kulturar, å få innsikt i korleis ein kan møte menneskjer frå andre kulturar på ein god måte og å forstå korleis ulike kulturelle bakgrunnar kan nyttast som ein ressurs i yrkesutøvinga i HOS-sektoren og det fleirkulturelle samfunnet generelt.

 

Alle bilde: Ida Gangeskar

,

 

Syria

 

 

 

 

 

 

Kongo

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Thailand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kurdistan (Syria)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Afganistan

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vart og delt ut smaksprøver

Tips ein ven Skriv ut