Vi var ikkje trøtte i det heile tatt....

Vi var ikkje trøtte i det heile tatt.... Foto: Bente Iren Vonheim

Restaurant og matfag på nattleg tokt før 17.mai.

Elevane på VG1 Restaurant og matfag hadde ein heller uvanleg skuledag fredag 10. mai når bedriftsbesøk til bakeria i Nordfjord stod på timeplana.

Som kjent er det nokre som har arbeidstid som ikkje strekkjer seg frå morgonen til ettermiddagen, mellom anna dei som syter for at det står ferske brød på frukostbordet. For at elevane skulle få sjå aktiviteten i ei bakeribedrift, måtte ein nødvendigvis møte fram når aktiviteten var som høgast. Dette medførte at dag måtte bli natt, og elevane tok seint torsdags kvelden turen til Minibakeriet og Bakehuset Tunold på Eid, før dei avslutta besøket ved Bakeriet AS på Bryggja om lag kl. 4 på fredags morgonen.

Elevane og lærarane sender ei hjarteleg takk til alle for at vi fekk kome på besøk og sjå produksjonen.

Her er nokre glimt frå nattas tokt. Alle bilde: Bente Iren Vonheim

 

Minibakeriet

 

 

 

 

 

 

 

Bakehuset Tunold

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Noko av maskinparken

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut