Renate og Lars i djup konsentrasjon

Renate og Lars i djup konsentrasjon Foto: Bjørn Kvalheim

Skule NM, andre finaledag

Då var andre finaledag over. I dag hadde Måløy Vidaregåande Skule elevar som deltok innan Akvakulturfaget.

Meisterskapet vart arrangert av Meløy Vidaregåande Skule i Inndyr i Gildeskål kommune i Nordland. I følgje rapporten frå Inndyr, så nådde ikkje våre deltakarar Renate Unneland Larsen og Lars Fosse heilt opp i år. Konkurransen var både tett og hard, og det var lite som skilde deltakarane. Elevane vart prøvd i kunnskapsområdet Disseksjon, Knuter og spleis, Arbeid med notposen, Fastsetjing av snittvekt og Fett og fargeprøving. Heimefavorittane frå Meløy Vidaregåande Skule tok meisterskapen i den fyrste norgesmeisterskapen for Akvakulturfaget.

Våre utsende rapporterer at konkurranseforma er tenkt å førebu elevane til eksamen i faget, og konkurransen gav meirsmak. Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk (OFKH), skriv på sine Facebooksider: Neste år kjem Vestland sterkare tilbake.

Vi gratulerer deltakarane med god innsats og vel gjennomførd konkurranse.

Her er nokre fleire bilder frå konkurransen. (alle foto: Bjørn Kvalheim, OKFH)

Deltakarane våre

 

 

 

 

 

 

 

 

Disseksjon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arbeid med notpose

 

 

 

 

 

 

 

 

Fett og fargeprøving

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fastsetjing av snittvekt

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut