Elevane framfor Notre-Dame

Elevane framfor Notre-Dame Foto: Privat

Studiespesialisering og YSK/TAF på studieturar til utlandet.

I veke 12 var mange av elevane våre  på studietur til Island, Tyskland og Frankrike. Til saman var om lag 100 elevar og lærarar på reisefot.

Ei gruppe elevar i 2 STA var til Berlin på språktur. Elevane hadde fire timar tyskundervisning ved Carl Duisberg Centren kvar dag. I tillegg hadde dei ein del kulturelle utfluktar, mellom anna til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen utanfor Berlin og museumsbesøk.

Dei andre elevane i 2 STA var til Paris på språktur. Også her gjekk elevane på skule kvar dag og fekk stort utbytte av franskundervisning på Eurocentres. I tillegg fekk dei sjå og oppleve Notre-Dame, Le Louvre, Sacré Cæur og Montmartre, katakombene og sjølvsagt fekk dei sjå utsikta frå Eiffeltårnet. 

Historieturen til 3STA til Berlin har vore ein tradisjon i mange år, og programmet for turen er skreddarsydd for å dekke flest mogeleg læreplanmål. Elevane fekk også her besøke konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, Stasi-fengselet, Holocaust-monumentet, DDR-museet, restane av Berlinmuren og CheckPoint Charlie.

36 elevar på 3 YSK/TAF og 4 YSK/TAF reiste til Reykjavik. Det var ei veldig innhaldsrik veke der dei fekk vore på mange bedriftsbesøk tilpassa dei 7 ulike programområda i dei to klassane. Island har mange spanande bedrifter og det var lærerikt og interessant å få besøke m.a. Havforskingsinstituttet og Stofnfiskur. Dei besøkte og institusjonar ut frå fellesfaga til lærlingane. Dei var på besøk hos Nordisk språkinstitutt, Alltinget og på eit geotermisk kraftverk. Lærlingane jobba med prosjekt i historie og samfunnsfag under turen. Elles fekk dei og med seg attraksjonar som Den Blå Lagune, Thingvellir, Gullfoss og Geysir.

Etter heimkomsten var fleire av elevane engasjerte med førebuing for matservering til deltakarane i fylkesfinalen for UKM i Samfunnshallen.

Her er nokre bilder frå studieturane.

Berlin:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Paris:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reykjavik:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

              

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut