Framflytkonferansen 2019. Stine Lilloe-Olsen var konferansier.

Framflytkonferansen 2019. Stine Lilloe-Olsen var konferansier. Foto: Bjarne Husevåg

Samarbeidet med næringslivet i regionen

I vekene etter vinterferien har elevtalet på skulen vore noko lavt. Grunnen er at mange yrkesfagklasser har hatt elevane utplassert i bedrifter som ein del av faget YFF, Yrkesfagleg fordjuping. I denne perioden vert det og gjennomførd studieturar både i innland og utland.

Måløy Vidaregåande Skule har alltid hatt eit godt samarbeid med næringslivet i regionen, og dette har medført at det å utplassere elevane er blitt eit fast innslag i undervisinga på alle klassetrinn og dei fleste studieretningar. Vi har eit godt samarbeid med bedrifter over heile fylket, gjerne slik at elevane då kan være utplassert i bedrifter nær heimstaden. Dette tener to mål: eleven får høve til å gjere seg kjend med det yrket ein satsar på ei opplæring innanfor, samstundes som eleven og får knyte kontaktar, og presentere seg sjølv for framtidige lærebedrifter.

For elevar på studiespesialisering vert dagsbesøk til lokalt næringsliv med fokus på internasjonalisering, drift, administrasjon og marknadsføring prioritert. Språkkunnskap og internasjonale forhold vert då basis for ein studietur, gjerne til Tyskland eller Frankrike som er av dei store marknadane for lokale bedrifter. Ein får då høve til å følgje produkta frå produksjon, foredling, marknadsføring fram til sluttbrukar. Gjennom dei forskjellige utvekslingsprogramma som Erasmus, Trollstipend og Leonardo får ein samtidig knytt internasjonale kontaktar for framtida.

På VG1 er det gjerne stor spreiing i val av bedrifter og fagområder, medan det på VG2/VG3 oftast vert meir fokusert på kva yrkesval vedkommande har som mål for opplæringa. Fleksibiliteten hos skule og næringsliv gjer at det er mange modellar som vert praktisert, nokre nyttar seg av utplassering over ein periode, nokre vel utplassering ein dag i veka, andre ønskjer ei veke i samanheng to gonger i løpet av skuleåret, andre vel to til fire veker samanhengande utplassering. Det siste er mest vanleg innafor maritime fag der elevane då gjerne føl ei 4/4 skiftordning.

Av studieturar har det i år vorte gjennomførd besøk i Berlin, Paris, La Rochelle og Reykjavik. For elevane i valfag Teknologi og forskningslære har det vore litt stress, fyrst deltaking i Ocean Space Race ved NTNU i Trondheim, etterfølgd av studietur til utlandet. Elevane på VG2 Fiske og fangst er også i år i Lofoten for å ta skulekvota for torsk med Skulebas. Dei har base i Reine i Lofoten. Derfrå vert det rapportert om brukande fangst. Vg2 Byggfag har og vore ute å reist, i år til Trondheim der besøk i restaureringsverkstadane til Nidarosdomen og NTNU/SINTEF Byggforsk stod på programmet.

Felles for alle utplasseringane er at elevane må levere ein utplasseringsrapport der programfaglærarane vurderer det faglege innhaldet, og lærarane i norsk/engelsk vurderer bruk av språk og formidling. På denne måten vert samanhengen mellom skule og arbeid synleggjort gjennom krav og forventingar til læringsutbytte. Dette tette samarbeidet med det lokale næringslivet gjer at 8 av elevane på VG2 Bygg allereie har teikna lærekontrakt frå sommaren 2019.

No står deltaking i NM for yrkesfag for tur. Skulen skal i tidsrommet 1. til 12. april representere fylket innafor fem yrkesfag: Kokkefaget, Akvakulturfaget, Industrimekanikarfaget, Helsefagarbeidarfaget og Bilfaget, lette køyretøy. Innan kokkefaget er skulen regjerande Norgesmeister, då Johanna Magdeli Utvær Petterson vart Norgesmeister i fjor. Sjølvsagt håper vi då på at nokon av våre deltakarar gjentek denne prestasjonen i år.

Her er nokre av våre samarbeidspartnarar:

 

Båtbygg AS

 

 

 

 

 

 

Barmen og Lund AS

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjord 1 ASA

 

 

 

 

 

 

 

Verlo AS

 

 

 

 

 

 

IKT, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norled

 

 

 

 

 

 

Betongsaging Nordfjord

 

 

 

 

 

 

 

Havfruen Sjømat og Mikrobryggeri

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut