TOF gjengen og båtane før konkurransen.

TOF gjengen og båtane før konkurransen. Foto: Andreas Rundereim

Ocean Space Race 2019

Som vanleg stilte gruppa i Teknologi og forskningslære opp i konkurransen Ocean Space Race ved NTNU i Trondheim.

Teknologi og forskningslære er eit valfag som har vore tilbydd ved Måløy Vidaregåande Skule på kveldstid. Faget er eit tilbod til elevane på studiespesialisering og YSK/TAF. I år er det 9 elevar som tek valfaget, der 3 er frå 3 STA og resten frå 3 og 4YSK/TAF.

Eit av måla ved undervisinga er å delta i Ocean Space Race i Trondheim, der alle elevar som har valfag Teknologi og forskningslære gjerne møtes for å få konkurrere i forskjellige klasser. Våre elevar deltok i år i klassa «Den unge skipsdesigneren».

Før konkurransen har elevane brukt tysdags kveldane til å utvikle, designa og bygge to båtar i komposittmateriale som dei har fått testa ut i Stadt Towing Tank i Blålida. Hurtigruteturen frå Måløy til Trondheim vart nytta til den siste finpussen før konkurransen.

Under besøket i Trondheim inngjekk det og foredrag og omvising på NTNU. Etter konkurransen fekk elevane seg eit besøk til Pirbadet og Egon Restaurant i Tyholt tårnet. Etter konkurransen gjekk turen for elevane til Oslo der dei møtte sine respektive klasser. 3STA reiste til Berlin på studietur, og 3 og 4 YSK/TAF reiste til Reykjavik på studietur.

I konkurransen hamna elevane om lag midt på lista, og fekk skryt for design og finish på båtane. Elevane var og einige om at det var eit godt opplegg og dei var godt nøgde med konkurransen og turen til Trondheim.

Litt fleire bilder frå turen (alle foto: Andreas Rundereim)

 

Morgenfuglane klar til avreise med Hurtigruta til Trondheim

 

 

 

 

 

 

 

 

Informasjon før konkurransen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Konkurrentane

 

 

 

 

 

 

Testkøyring og finjustering

 

 

 

 

 

 

 

 

Klar for konkurransen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ferdig…….

 

Tips ein ven Skriv ut