Kokkekamp

Kokkekamp for 9. klasse

Som ei del av rekrutteringsarbeidet for Restaurant og matfaga, vert det skipa til Kokkekamp for 9.klassingane i Nordfjord i morgon 21.mars 2019 på Vågsøy Ungdomsskule i Måløy.

Deltakarane er elevar ved Vågsøy ungdomsskule, Stadlandet skule, Hauge skule, Davik ungdomskule, Gloppen ungdomsskule og Hornindal skule. Elevar frå Restaurant og Matfag ved Måløy Vidaregåande Skule vil være med å legge til rette for konkurransen

Programmet for dagen ser slik ut:

0930: Oppmøte

1030: Konkurransen startar

1300: Hovudrett serverast

1315: Dessert serverast

1335: Premieutdeling ved Ordførar Kristin Maurstad, Vågsøy kommune

Målet med prosjektet er å styrke mat- og helsefaget, bruk av lokale råvarer, auke rekrutteringa til matfaglege utdanningar og omdømmebygging.

Tips ein ven Skriv ut