Måløy vidaregåande skule
Sigbjørn Hals underviser i matematikk

Sigbjørn Hals underviser i matematikk Foto: Bjarne Husevåg

Utdanningsval for 9.klassingane

Måløy Vidaregåande Skule har i to dagar hatt besøk av elevar som har fått omvising på skulen og delteke i undervisinga for den linja dei har ynskt å bli betre kjend med.

Besøket er ein del av undervisinga i ungdomsskulen, der elevane skal få høve til å gjere seg kjend med kva tilbod som vidaregåande opplæring kan tilby. Sjølvsagt vil dei vidaregåande skulane strekkje seg langt i å lage til eit opplegg som gir eit bilete av kva utdanninga står for. Opplæringskontora og lokalt næringsliv er og svært velvillige til å delta, då dei ser verdien av god informasjon til neste generasjon tilsette. Litt spesielt er det likevel for denne elevgruppa, då alle VG1 kursa får nye læreplaner det året desse skal starte på vidaregåande skule (hausten 2020). Og dei nye læreplanane er ikkje klar endå.

Ved Måløy Vidaregåande skule har det vore elevgrupper på besøk på oppdrettsanlegg, fått jobba på kjøkkenet med å lage til eigen lunsj, køyrt bru- og maskinromssimulator, fått jobba med språk og matematikk gjennom praktiske øvingar, vore med på bygging av garasje, utforska mogelegheitene for aktivering av born, både inne og ute. Besøket vart avslutta med ei felles orientering om skulen og undervisingstilbodet frå rådgjevarane ved Måløy Vidaregåande Skule.

Vi håper at elevane gjennom besøket har fått innsikt i kva den valde studieretninga har å tilby. Saman med utdanningsvalet hausten 2019 håper vi at elevane vil ha fått meir innsikt i kva dei vidaregåande skulane har å tilby frå hausten 2020. Skulle det være spørsmål om vidaregåande utdanning, så må ein meir enn gjerne ta kontakt med rådgjevarane på skulane, eller kontaktpersonane som står oppført på heimesidene for den studieretninga ein har spørsmål om.

Her er nokre bilder frå besøket.

 

 

 

 

Matematikken gjekk som ein leik på Studieførebuande

 

 

 

 

 

Planlegging av inneaktivitet på Barne og Ungdomsarbeid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

YSK/TAF Helsefagarbeidar

 

 

 

 

Uteaktivitet Barne og Ungdomsarbeidarfaget

 

 

 

 

 

 

 

Verkstadsarbeid Byggfag

 

 

 

 

 

 

 

Bygging av garasje Tømrar

 

 

 

 

 

 

 

Lunsj skal tilberedast på Restaurant og matfag

 

 

 

 

 

 

 

Kjøttbollar

 

 

 

 

 

 

 

Baking

 

 

 

 

 

 

 

Framtidas matrosar?

Teknikk og Industriell produksjon

 

 

 

 

 

 

Naturbruk

 

 

 

 

 

 

 

Besøk oppdrettsanlegg

 

 

 

 

 

 

 

 

Knuter og knoper skal lærast

 

 

 

 

 

 

 

 

Repetisjonskurs for «gamle» elevar

 

 

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg og Kariann Myklebust Fagerli

Tips ein ven Skriv ut