Måløy vidaregåande skule
Teikning på byggavdelinga

Teikning på byggavdelinga Foto: Bjarne Husevåg

Velkommen til utdanningsval for 9. klasse

Måndag 4. mars og tysdag 5. mars er det igjen klart for utdanningsval for 9.klassingane.

Førebels er det 88 elevar som ønskjer å gjere seg kjende med dei utdanningsprogramma Måløy Vidaregåande Skule kan tilby. Sidan det vert nye læreplaner som skal takast i bruk i 2020, der innhaldet framleis er under utarbeiding, er det klart at det knyter seg ein del usikkerheit om kva val ein skal gjere for framtida.

Hittil er det varsla at elevar frå Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Stryn, Hornindal og Gloppen vil besøke oss. Lengst gjesteliste har Naturbruk og Restaurant og matfag.

Grunna rehabilitering og ombygging av deler av skulebygga, vil det vere nokre endringar for dei besøkande denne våren. Dei som vel Måløy Vidaregåande Skule kan glede seg til ein «ny» skule med moderne klasserom og verkstadar. Det vert og gjort store endringar for å tilby elevane eit endå betre skulemiljø i form av myldringssoner og arbeidsplassar i fellesarealet i dei ombygde lokala.

Dei førebelse programma for dei forskjellige studieretningane ser slik ut:

Bygg og anleggsteknikk

Helse og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant og matfag

Studiespesialisering

TIP

YSK/TAF Akvakultur

YSK/TAF Helsefagarbeidar

YSK/TAF Industriteknologi

Måløy Vidaregåande Skule ønskjer alle 9. klassingane velkommen til skulen , og vi vil gjere vårt beste for at de skal få nyttig informasjon om dei tilboda skulen har.

NB. Måløy Vidaregåande Skule ønskjer å bruke bilete av dei besøkande til oppslag på sine heimesider. Dei besøkande som vil reservere seg mot dette, må informere rådgjevarane ved Måløy Vidaregåande Skule på førehand.

Tips ein ven Skriv ut