Måløy vidaregåande skule
Besøk hos Stadpipe

Besøk hos Stadpipe Foto: Andreas Runderheim

Nytt VG2 tilbod ved Måløy Vidaregåande Skule

Lokale og regionale bedrifter i Nordfjord har etterlyst fagutdanning innan Plast og Kompositt.

 

Måløy Vidaregåande Skule set i gong eit VG2 tilbod innan Plast og Kompositt frå hausten 2019. Bedrifter som Brødrene Aa i Hyen, Strukturplast på Sandane, Easyform og Eurobåt i Måløy, Saga Boat og Stadpipe i Selje og Øien Båt på Stårheim er blant dei som står bak etableringa, og bidreg med praksisplassar og læreplassar.

Nordfjordregionen er ein av to regionar i landet der produksjon i kompositt står sterkt med mykje spisskompetanse. Dette har m.a. gjort at det er eit tett samarbeid med komposittmiljøet rundt Kongsberg og Raufoss. Bedriftene som står bak denne satsinga, driv innan følgjande områder:

Satsinga på båtbygging i kompositt er stor, og Brødrene Aa har fleire båtar under produksjon. Ikkje berre for det norske markedet, med og i det internasjonale markedet. Bedrifta i Hyen kjøpte nyleg produksjonsbedrifta Eikefjord Marine i Eikefjorden for å sikre kapasitet til å kunne levere dei båtane som bedrifta har skrive kontrakt på. Bedrifta har båtproduksjon, ein del produksjon av deler i kompositt, m.a. fronten til flytoget og beskyttelse av produksjonsutstyr som er plassert på sjøbotnen i Nordsjøen.

Easyform og Eurobåt i Måløy held på å bygge ny ferje i kompositt som skal trafikkere ruta Barmsund – Barmen. Dette er dessutan den fyrste komposittferja som både har elektrisk framdrift og som er godkjend for transport av brannfarleg stoff. Easyform, med nordeuropas største fres, lagar formene som vert brukt til støypinga av ferja. Eurobåt/Måløy Verft gjennomføre bygginga og skal levere ferja. Easyform har dessutan mykje arbeid med å produsere former til både vindmøller, arbeidsbåtar og lystbåtar opp til 25 meter som skal byggast i kompositt, forutan å produsere andre former til komposittindustrien i Noreg. At næraste nabo er Stadt Towing Tank med sitt basseng gjer og at fleire av verfta brukar desse bedriftene til testing og utvikling av nye skrog.

Stadpipe på Stadt, med sitt spesialområde røyrsystem til fiskeflåten og oppdrett, har jamt stor auke i etterspurnaden etter leveranse av sine produkt, og bedrifta er stadig ute etter å skaffe seg nye fagarbeidarar for å dekke inn behovet for folk til produksjon og installasjon/vedlikehald.

Det same gjeld Strukturplast på Sandane. Dette firmaet er ledande i Norge når det gjeld produksjon av  komponentar i NORSelast, eit kompositt med svært høg slitestyrke og haldbarhet. Materialet vert brukt i alt frå fenderar til sliteskjær på brøytebilar. Strukturplast produserer og leverer og ferdige baderom til både bygg og industri som det berre er å lyfte å plass. Dessutan er produkter til veg og anlegg, der beskyttelse av personar og utstyr er prioritert, og eit produktområde. Bedrifta driv dessutan med mykje forsking og utvikling av nye produkt som i fleire tilfelle kan erstatte bruken av stål, med dei innsparingar som dette m.a. gjer på vekt og vedlikehald.

Komposittindustrien i regionen har lovt både praksisplassar og læreplass til dei som vil satse på denne utdanninga.

Følgjande videolenker gir litt meir informasjon om bedriftene eller produkta:

Brødrene Aa

Stadpipe      

SagaBoats    

Strukturplast 

Easyform      

Meir informasjon får du ved å ta kontakt med skulen.

 

Besøk hos Easyform

 

 

 

 

 

 

 

 

Besøk hos Saga Boats

 

 

 

 

 

 

 

 

Illustrasjonsbilde nye Barmøyferja

(Foto: EasyForm)

 

Tips ein ven Skriv ut