Måløy vidaregåande skule
Mingling i pausa

Mingling i pausa Foto: Bjarne Husevåg

Framflyt 2019 vel i hamn

Atter ein gong har ungdomsbedrifta Framflyt UB levert ein fengjande og interessant konferanse for ungdom.

Konferansen samla om lag 500 ungdommar frå mange av Nordfjordkommunane under temaet «På tvers av kommunegrensene». Konferansen hadde samla næringslivsaktørar som nettopp jobbar på tvers av kommunegrensene eller har etablert underavdelingar i andre kommunar. Desse fekk si tilmålte tid for å presentere deira bedrift og kva mogelegheiter deira bedrifter kunne tilby ungdom. Konferansier under konferansen var Stine Lilloe-Olsen, som har bakgrunn frå industrimiljøet i Hyen og Måløy, samt idrettsmiljøet i Sogndal og som no driv eiga verksemd.

I den innlagte pausa var handballhallen fylt med stand frå næringslivsaktørar,  opplæringskontor og skule som bidrog med informasjon om kva mogelegheiter deira fagområde hadde å tilby, og elevane frå Restaurant og Matfag serverte forfriskningar til konferansedeltakarane.

I samband med andre møter på skulen, sette Fylkesdirektøren for opplæring, Bekka Skaasheim, av tid til å ta turen inn om og helse på i pausa saman med teamleiar for fagopplæringa Sissel Brusegård, og rådgjevarane ved opplæringsavdelinga Sissel Espe og Essi Annika Mäki. Tilbakemeldinga frå desse var svært tilfredsstillande.

Etter konferansen fekk dei 10.klassingane som deltok, og som og skulle delta på Open Skule arrangementet om kvelden, tilbod om omvising og aktivitetar og mat i påvente av Open Skule.

Her er nokre fleire bilete frå konferansen

 

Ulvesund Elektro

 

 

 

 

 

 

 

 

Skipskompetanse

 

 

 

 

 

 

UNU

 

 

 

 

 

 

 

Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk

 

 

 

 

 

 

 

 

Opplæringskontoret for Hotell og Matfag

 

 

 

 

 

 

 

Nordfjord Opplæringskontor

 

 

 

 

 

 

YSK/TAF Helsefagarbeidar, YSK/TAF Akvakultur

YSK/TAF Industrimekanikar

 

 

 

Alle foto: Bjarne Husevåg

Tips ein ven Skriv ut