Måløy vidaregåande skule
Oppkopla mot USA

Oppkopla mot USA Foto: Inger Christine Strand Kvalheim

Blei kjende med elevar i USA

Måndag 3.12. hadde elevane som tar internasjonal engelsk i 2STA eit Skype-møte med ei skuleklasse frå Fonda-Fultonville Central High School i USA.

Elevane fekk helse på sin tidlegare klassekamerat, Kjersti Tennebø, som er på utveksling i USA i år, og dei fekk høyre mykje interessant om korleis det er å gå på skule i Amerika. Sport og andre fritidsaktivitetar, vêret og litt politikk blei også diskutert, og elevane har utveksla kontaktinformasjon slik at dei kan bli betre kjende på sosiale medium. Dette var ei kjekk oppleving som vi håpar å få til igjen seinare!

Tips ein ven Skriv ut