Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Pusterom

10. oktober er det Verdas Psykisk Helse dag. Dette er ein dag for openheit om psykisk helse, og årets tema er "Gi tid".

Sidan dette er midt i haustferien, ønskjer Vågsøy kommune og Måløy Vidaregåande Skule å markere denne dagen ved å arrangere "Pusterom" i Samfunnshallen onsdag den 25.september mellom kl 09.00 og kl 14.00. Det vert føredrag av Helsesista og Isabelle Aarvik, og musikkinnslag frå rapduoen Tonna Brix.

Dette er eit lukka arrangement for elever og tilsette ved Måløy Vidaregåande Skule og Vågsøy Ungdomsskule. Det vert høve til å helse på Helsesista etter føredraget hennar.

Det vert servert frukt, i tillegg til moglegheit for å kjøpe mat i kantina. Husk å ta med drikkeflaske, då dette ikkje blir utdelt

Pusterom sponsor.png

Tips ein ven Skriv ut