- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Studiespesialisering
- TAF/YSK-modellen
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til skulen vår
Måløy vidaregåande skule er ein mangfaldig og framtidsretta skule. Hos oss kan du velje mellom fleire ulike yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK, noko som gjer at du vil oppleve eit rikt og spennande miljø. Vi er særleg kjend for vårt tilbod innan marine og maritime fag, og er den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.
Open kveld onsdag 21. januar for elevar i 10. klasse og føresette
Vi har open kveld på Måløy vidaregåande skule onsdag 21.januar. Ønsker du å få vite litt meir om skulen, om kva utdanningstilbod som finnes og korleis det er å vere elev her? Då kan du kome på open kveld! Frå klokka 18-20.00.
Velkommen om bord på MS Skulebas
Den 26. januar legg vårt eige opplæringsfartøy, MS Skulebas, frå kai og reiser på eit to-veker seglas i Nordfjord og Sunnfjord. På dagtid vil vi ynskje 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi opent for alle som måtte ynskje det. Hjarteleg velkomne!Aktuelle saker
29.09.2025
Program for hospitering 20. og 21. oktober
Vi ynskjer 10. klasse velkommen til hospitering hos oss måndag 20. og tysdag 21. oktober. I denne nyheitssaka finn du detaljert program for kvart av utdanningsområda.

