Hopp til hovedinnhold
Området til Måløy vidaregåande skule

Velkomen til skulen vår

Måløy vidaregåande skule er ein mangfaldig og framtidsretta skule. Hos oss kan du velje mellom fleire ulike yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK, noko som gjer at du vil oppleve eit rikt og spennande miljø. Vi er særleg kjend for vårt tilbod innan marine og maritime fag, og er den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.

Open skule

Kvar måndag og torsdag held skulen ope fram til klokka 19. Her kan du mellom anna få gratis middag, ta deg ei treningsøkt, delta på open verkstad og mykje meir.
Hybelrom med seng, TV, skrivepult og gitar.

Bur du på hybel?

Her på skulen er vi godt vande med å ta i mot hybelungdom. Om lag 1 av 3 av elevane våre bur på hybel, og vi gjer mykje for at kvar enkelt skal trivs og ha det godt.

Aktuelle saker

30.04.2025

Ledig stilling på Skulebas

29.04.2025

Lagarbeid på tvers av linjer - til nytte for lokalmiljøet

Førre veke reiste maskinistklassen (Vg2 maritime fag) på seglas med MS Skulebas til den vakre øya Silda. Med seg hadde dei dyrebar last både produsert og restaurert av elevar på skulen.

Elevar som sit på ein traktor, med benkar framfor seg.
07.03.2025

Program for hospitering 17. og 18. mars

Vi ynskjer 9. klasse velkommen til hospitering hos oss måndag 17. og tysdag 18. mars. I denne nyheitssaka finn du detaljert program for kvart av utdanningsområda.