Måløy vidaregåande skule
Gjengangere

Gjengangere Foto: Erik Berg

3 STA og 4 TAA på teaterbesøk

Elevane brukte søndagskvelden til Riksteateret si oppsetjing på Nordfjordeid.

På søndag 29.10 reiste 3STA og 4TAA til Nordfjordeid for å sjå Henrik Ibsen sitt verdsberømte stykke Gjengangere. Elevane har jobba med utdrag frå dette stykket tidlegare i haust, og det var derfor flott at dei no fekk høve til sjå det i sin heilskap.

Gjengangere kom ut i 1881, sjokkerte Ibsen publikum og presse med det kontroversielle innhaldet. Tema som kvinnefrigjering, utruskap, barn fødde utanom ekteskapet, kjønnssjukdommar og aktiv dødshjelp gjorde at ingen norsk teater ville setje det opp. Før stykket kom ut, skreiv Ibsen at «Gengangere vil rimeligvis i nogle kredse vække allarm; men det må så være. Gjorde den ikke det, så havde det ikke været nødvendigt at skrive den.»

Riksteateret si oppsetting har fått gode kritikkar, og elevane fekk sjå dyktige skodespelarar på ei enkel, men verknadsfullt dekorert og lyssett scene. 

Tips ein ven Skriv ut