Foto: Tor Helge Holvik Hansen

Foto: Tor Helge Holvik Hansen

2MAB på overlevingskurs…

Inspirert av forskjellige realityseriar på fjernsyn, var det semje om at 2 MAB var nøydd til å lære seg å overleve utanfor støyande maskinrom. Kursen vart difor sett mot Hjelmelandsdalen for ei lærande økt utanfor skuleverkstaden.

Elevane møtte mykje vind, men etter grunnleggjande opplæring i påkledning (og nokre grunnleggande teknikkar for å bevege seg i kram nysnø), opna skiheisen slik at dei fekk praktisere nyvunnen lærdom. Dei som ikkje hadde utstyr tilgjengelege, leigde utstyr for å kunne gjennomføre. Løypene var ikkje preparerte, slik at det og vart ei fysisk utfordring å komme seg ned mot start att.

Læringsmåla vi jobba med denne dagen var;

  • Skipstekniske tenester: Bruke ergonomisk riktige arbeidsteknikker og arbeidsstillinger (Hockey-stilling og å lene seg til innersving)
  • Drift og operasjon: Bruke personlig verneutstyr og personlige verneteknikker (påkledning, hjelm, briller og sjølvutløysande skibindingar)

Ein av elevane, Markus Bakke frå Eid, er til vanleg med i ski-patruljen på Harpefossen. Han hjelpte til når elevane fekk trøbbel med utstyret. Som ein bonus på turen fekk dei andre sjå kva erfaringsoverføring verkeleg betyr, og han bidrog til at det vart ein veldig kjekk dag i Hjelmelandsdalen.

 

 

 

Når ski og mann køyrer kvar sin veg, oppstår problem…. Men heldigvis hadde ein servicemann med.

 

 

 

 

 

 

Nokre prøvde seg og med bortoverski….

Tips ein ven Skriv ut