Måløy vidaregåande skule
Frå produksjonen hos Cargill

Frå produksjonen hos Cargill Foto: Kariann Myklebust Fagerli

2 AKA på bedriftsbesøk i Florø

Cargill, kan hende betre kjend som EWOS, tok imot elevane frå Måløy Vidaregåande Skule med opne armar.

Cargill er ein fôrfabrikk som leverer fiskefor til mange anlegg rundt om i distriktet vårt og resten av Noreg. Vi vart vist rundt av produksjonleiaren for setjefisk og medisinfor, Wilhelm K. Larsen.

Elevane fekk grundig gjennomgang av tryggleikstiltaka ved fabrikken, samt ei god omvisning i produksjonslokala. Det var spennande å sjå korleis råstoff vert blanda saman for so å bli til fiskefôr.  For oss som studerer akvakultur er det viktig å sjå alle ledda i lakseproduksjonen. Vi fekk sjå alt frå inntak av råstoff, sjølve produksjonen, laboratoriet, delelager, kaia, forsiloane, verkstaden og ikkje minst kantina der vi fekk servert lunsj. Skuffelsen var stor då det ikkje vart servert fiskefôr.   

Etter besøket hos Cargill, gjekk ferda vidare til ei anna Florøbedrift, Slakteriet. Der fekk vi  ein gjennomgang med Maria Elshina. Ho fortalde oss om historia til Slakteriet og slakteprosessen frå fisken kjem til slakteriet deira, til den vert transportert ut i verda. Vi fekk sjå både produksjonslokala og slaktemerdane.  

Tusen takk for ein fin dag i Florø. Vi set stor pris på å få komme ut til bedriftene for å sjå kva som skjer i næringslivet, og vi kjem gjerne attende.

Alle foto: Kariann Myklebust Fagerli

Tips ein ven Skriv ut