Måløy vidaregåande skule
Teikning på byggavdelinga

Teikning på byggavdelinga Foto: Bjarne Husevåg

Velkommen til utdanningsval

Måndag 29. oktober og tysdag 30. oktober er det klart for Utdanningsval for 10. klassingane.

Skulen har fått melding om at det vil kome omlag 130 elevar som ønskjer ei orientering om kva Måløy Vidaregåande Skule har av utdanningstilbod.

I følgje rådgjevarane Glen Andre Paris og Ann-Mari Ringdal er dette ny rekord i tal elevar som kjem på besøk. Hovedtyngda av elevar kjem frå Nordfjordkommunane, og Stryn og Eid er sterkt representerte når det gjeld Restaurant og Matfag og Helse og Oppvekstfag. Vi ser og ei auke i elevar frå Florø, Solund og Gulen og det er og elevar frå Indre Sogn som har meldt si interesse for marine utdanningar.

Grunna rehabilitering og ombygging av deler av skulebygga, vil det vere nokre endringar for dei besøkande denne hausten. Dei som vel Måløy Vidaregåande Skule til neste skuleår kan glede seg til ein «ny» skule med moderne klasserom og verkstadar. Det vert og gjort store endringar for å tilby elevane eit endå betre skulemiljø i form av myldringssoner med sitjegrupper i dei ombygde lokala.

Dei førebelse programma for dagane ser slik ut: 

Bygg og anleggsteknikk

Helse og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant og matfag

Studiespesialisering

TIP

YSK Akva

YSK Helse

YSK TIP

Måløy Vidaregåande Skule ønskjer alle 10. klassingane velkommen til skulen , og vi vil gjere vårt beste for at de skal få nyttig informasjon om dei tilboda skulen har.

NB. Måløy Vidaregåande Skule ønskjer å bruke bilete av dei besøkande til oppslag på sine heimesider. Dei besøkande som vil reservere seg mot dette, må informere rådgjevarane ved Måløy Vidaregåande Skule på førehand.

Tips ein ven Skriv ut