Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Foto: Bjarne Husevåg

Velkommen til utdanningsval for 9. klassene

Måndag 12. og tysdag 13. mars 2018 er det utdanningsval for 9. klassingar. Då får ein høve til å bli kjent med dei ulike utdanningsprogramma som skulen tilbyr.

Begge dagane startar vi kl. 10.00 og sluttar kl. 14.00.
Måndag er det oppmøte i auditoriet i A-fløyen, og tysdag møter de slik det er oppsett på timeplanen for dagen.

Timeplanane for aktuelle utdanningsprogram vert lagt ut på heimesida til Måløy Vidaregåande Skule. I timeplanane vil det og stå om eleven må ha med seg noko, avhengig av lineval. Derfor er det viktig at ein les desse planane nøye før ein kjem.

Både elevar og lærarar får servert mat begge dagane.

Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under utdanningsvaldagane.  

Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med ein av rådgjevarane: 

Ann-Mari Ringdal

922 23 370

ann.mari.ringdal@sfj.no

 

Glenn Paris

415 30 844

glenn.paris@sfj.no

 

Vi ønskjer dykk velkomne til Måløy Vidaregåande Skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.

Programmet for dagane kan du laste ned under.

Studiespesialisering

Helse og oppvekstfag

Bygg og anleggsfag

Restaurant og matfag

YSK Helse

YSK Akva

YSK TIP

Naturbruk

Teknikk og industriell produksjon

Tips ein ven Skriv ut