Måløy vidaregåande skule
Instruksjon på stranda 1024

Tur til Hoddevik på Stadt

3STA saman med lærarane Bente Olseth og Liv Randi Myhre reiste fredag 8.juni til Hoddevik for å teste ut surfing.

Vi kom til Lapoint Surfecamp i Hoddevik. I Hoddevika blei vi møtt av Calle som saman med sine to instruktørar sette oss i gang med utdeling av våtdrakter og utstyr

 

Når alle var kledde – gjekk vi ned til stranda kor kvar fekk sitt surfebrett.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Før vi fekk sleppe til sjøs, måtte vi gjennom oppvarming, instruksjon og tørrtrening på land.

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var viktig at alle lærte om korleis vi skulle handtere undervasstraumar og andre situasjonar som kunne oppstå.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Deretter var det bare å kaste seg ut i det. Det var fantastisk kjekt og lærerikt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klokka gjekk fort og etter 2-3 timer i havet gjekk vi på land. Utruleg kor slitne vi blei, men dette var ei fantastisk oppleving som sette eit verdig punktum for 3 år på vidaregåande.

 

 

Våre ungdommar har mykje flott å kome heim til etter meir utdanning!

Vi er skikkeleg glade for at vi fekk vere ilag med dykk denne dagen og alle desse åra.

Helsing Liv Randi og Bente

PS: Eg klarte meg best når eg var på land, i alle fall var det lettast å ta bilde då

Tips ein ven Skriv ut