Måløy vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Tekniske og almenne fag (YSK/TAF)
CNC fres

YSK/TAF – modellen

Det offisielle namnet er no YSK, som er ei forkorting for yrkes og studiekompetanse.TAF er ei forkorting for tekniske og allmenne fag. TAF har vore nytta som namn sidan den første TAF-klassa vart starta i 1992, og er difor eit innarbeida omgrep, ikkje minst i bedrifter og kommunar.

YSK/TAF-modellen ved Måløy vidaregåande skule fører deg i løpet av 4 år fram til både spesiell studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du i tillegg lærling med lærekontrakt.

Kvifor velja YSK/TAF ved  Måløy vidaregåande skule?

  • Du får eit godt grunnlag for høgare utdanning
  • Du får både fagbrev og  spesiell studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi
  • Du lærer å arbeide sjølvstendig etter eigne planar
  • Du lærer å samarbeide
  • Du får lærlingløn frå første dag på arbeid
  • Du følgjer bedrifta sitt arbeidsår
  • Dei tre første åra er det skule 3 dagar og arbeid 2 dagar i veka
  • Det fjerde året er det skule 2 dagar og arbeid 3 dagar i veka
  • I deler av skuleferiane er det arbeid 5 dagar i veka. Du skal ha 5 veker ferie kvart år, som skal avviklast utanom skuletida.

Kva kan du verte?

Med eit YSK/TAF-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet rett etter du er ferdig på vidaregåande skule.

Søknad om plass på YSK/TAF ved Måløy vidaregåande skule

  1. Søk om plass på internett på tilsvarande måte som ein søkjer andre tilbod innan vidaregåande skule.  Ordinær søknadsfrist er 1. mars.
  2. Send søknad på eige søknadsskjema  til Måløy vidaregåande skule seinast innan søknadsfristen 1. mars. Lenke til høgre.  Hugs å fylle inn karakterane fra 1. termin i 10 klasse. Legg ved dokumentasjon på karakterane  frå ungdomsskulen. Pass på at du skriv på  mobiltelefonnummeret ditt  og e-postadressa di. Skriv også litt om deg sjølv, t.d. interesser og hobbyar. Dersom du har arbeidserfaring så ta også det med. Det gjeld både lønna og ulønna arbeid.  Skriv kortfatta, maksimalt ei halv A4 side.
  3. Pass på at skulen sender inn standpunktkarakterane dine i slutten av mai/starten av juni. Det er desse karakterane som til slutt vert lagde til grunn for opptaket.
  4. Ut frå karakterrangering vert søkjarane kalla inn til intervju med aktuelle bedrifter. Ein representant frå skulen vert med på desse intervjua.
  5. Så langt råd er, prøver ein å finne bedrifter som ligg slik til at du kan bu heime dei dagane du er på arbeid. Dette er hovudregelen.
  6. Dersom du er interessert i å gå på YSK/TAF under føresetnad av at du får arbeid på ein særskilt stad,  i ei særskilt bedrift eller får ta eit særskilt fagbrev, så skriv dette på søknadsskjemaet. Det har ein eigen rubrikk for dette. Dersom føresetnaden du har sett ikkje kan oppfyllast,  vil andrevalet ditt verte gjeldande som fyrsteval. Du risikerer dermed ikkje å komme lengst bak i køen på andrevalet ditt ved å takke nei til plass på YSK/TAF som ikkje er i samsvar med føresetnaden din så lenge denne er teken med i søknadsskjemaet, som vert sendt til skulen.

Generelt

For å gjennomføre YSK/TAF på ein god måte bør du ha gode karakterar frå ungdomsskulen, særskilt i matematikk og naturfag. Like viktig som gode karakterar er det å ha tileigna seg gode  arbeidsvanar før ein tek til på vidaregåande skule.

YSK/TAF-retningar og fag

Måløy vidaregåande kan tilby desse retningane basert på den yrkesfaglege delen av opplæringa:

  • Helsefagarbeidar (YSK/TAF-Helse)

  • Naturbruk blå (YSK/TAF-Akva)

  • Teknikk og industriell produksjon (YSK/TAF-TIP)

Skulefag YSK/TAF-Helse

VG1

VG2

VG3

VG4

Matematikk 1T

Matematikk R1

Norsk

Norsk

Naturfag

Norsk

Historie

Samfunnsfag

Engelsk

Kroppsøving

Kroppsøving

Kjemi 2

HO-fag (Programfag)

Helsearbeidarfag(programfag)

Fysikk 1

 

 

 

Kjemi 1

 

Skulefag YSK/TAF-Akva

VG1

VG2

VG3

VG4

Matematikk 1T

Matematikk R1

Norsk

Norsk

Naturfag

Norsk

Historie

Samfunnsfag

Engelsk

Kroppsøving

Kroppsøving

Kjemi 2

Naturbruksfag, blå (Programfag)

Akvakulturfag programfag)

Fysikk 1

 

 

 

Kjemi 1

 

Skulefag YSK/TAF-TIP

VG1

VG2

VG3

VG4

Matematikk 1T

Matematikk R1

Norsk

Norsk

Naturfag

Norsk

Historie

Samfunnsfag

Engelsk

Kroppsøving

Kroppsøving

Fysikk 2

TIP-fag (Programfag)

Industriteknologifag(programfag)

Fysikk 1

 

 

 

Matematikk R2

 

 

Nærare opplysningar kan du få ved å vende deg til skulen.   

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kåre Nordpoll
kare.nordpoll@sfj.no
415 30 711

Relaterte lenker