Gåveoverrekking

Gåveoverrekking Foto: Bjarne Husevåg ©Bjarne Husevåg

Takka av for innsatsen

Tysdag ettermiddag vart Svein Holvik takka av for innsatsen som leiar av Sikkerhetssenteret i Måløy (SIM) av eit samla kollegium.

Svein har jobba ved skulen sidan midten på 90 talet, og har vore med på oppbygginga av Sikkerhetssenteret i Måløy frå byrjinga. Som han sa det sjølv, det er dei lengste tre vekene han har vore med på. Dåværande rektor Helge Øvrebø fekk ei utfordring med lærarar på Naturbruk, og etter mykje om og men fekk han engasjert Svein for tre veker. Desse vekene vart til månader og år, då det viste seg at behovet for lærarar framleis var ei utfordring.

Svein vart deretter med på oppbygginga og etableringa av Sikkerhetssenteret i Måløy (SIM), og har drive det fram til ny leiar tok over 1.oktober 2018. Han har delteke i utviklinga av kurstilbodet, simulatorane og brannfeltet i Vedvik for å primært kunne tilby kursdeltakarane oppdatering og opplæring i tråd med krava i STCW. Han overlet drifta til den nye leiaren av Sikkehetssenteret, Eivind K. Birknes, frå 1. oktober 2018.

Vi takkar for innsatsen og ønskjer lykke til med pensjonisttilvære.

Tips ein ven Skriv ut