Måløy vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Studiespesialisering
Bøker 2

Studiespesialisering

Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialisering har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule..

Studiespesialisering gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Måløy vgs ønskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!

Studiespesialisering ved Måløy vgs

Skulen har ei klasse med 30 elevar på kvart av dei tre åra. På Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag), medan du på Vg2 og Vg3 vel halvparten av timane dine sjølv, såkalla programfag. Mot slutten av Vg1 må du velje programområde for dei neste to åra: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. For å oppnå eit totalt veketimetal på 90 over tre år, må du velje minst tre programfag kvart år. To av faga må vere innafor ditt valde programområde, og desse faga må du ha i to år.

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skulegang, får du generell studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studium, som lege, tannlege og farmasøyt, krev at du vel spesielle realfag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine som vil avgjere om du får starte på det studiet du ønskjer.

Valfrie programfag på vg2 / Vg3

Sjå under dei respektive VG2 og VG3 programfaga

Du kan lese om innhaldet i dei ulike programfaga på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Stig Helge Johannessen
Studieleiar
stig.helge.johannesen@sfj.no
415 30 831