Måløy vidaregåande skule
Nokre av elevmentorane som møtte elevane fyrste skuledagen

Nokre av elevmentorane som møtte elevane fyrste skuledagen Foto: Bjarne Husevåg

Skulestart

Mandag møtte elevane til skulestart på Måløy Vidaregåande Skule.

Både gamle og nye elevar vart møtt av desse elevmentorane på busstoppen. Måløy Vidaregåande skule tek i bruk Draumeskuleopplegget som ei lekk i arbeidet med å førebygge fråfall frå vidaregåande ved å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet på skulen. Målet er å skape eit læringsmiljø der elevane føler tryggheit og tilhøyrigheit.

Elevmentorane er ein viktig aktør og sjølve hjarte i Draumeskulen. Deira oppgåver omfattar m.a.

  • å ta imot nye elevar ved skulestart

  • lage aktivitetar på skulen som skapar innkludering

  • være ei støtte til nye elevar når det gjeld å finne fram på skuleområdet.

Skulestart i år var litt spesiell då to av undervisingsfløyane er avstengt for rehabilitering, og vi har teke i bruk den modulskulen som Vågsøy Kommune sette opp på området då ny Ungdomsskule vart bygd. Flytte prosessen var nesten ferdig, men det vart likevel ein del justeringar som måtte gjerast fyrste dagen.

Etter samlinga i Samfunnshallen, gjekk klassene kvar til sitt.

Forventingsfulle elevar

Nokre «apekattar» er større enn andre

Elevmentorane venter for å følgje Vg1 klassene på plass

 

Alle foto: Bjarne Husevåg

Tips ein ven Skriv ut